Slisserenner som sandfangskum

Slisserenner som sandfangskum:

I samband med tunneloppgradering i Gudvangatunnelen på E16 har Flage Maskin AS montert våtstøypte slisserenner og inspeksjonselement med SjG rist som hjelpesluk.

25 sett med slisserenner som sandfangskum:

Frå slisserenna går vatnet vidare inn i sandfangkum som ligg i vegskulder. Det er montert 25 sett i tunnelen frå juni 2017 fram til i dag.

Prosjektet har for Flage Maskin as ein verdi på 160 mill kr eks mva. Det har vore sysselsett i snitt ca 50 mann på prosjektet frå oppstart i juli 2017 til i dag. Totalt er det sprengt ut ca 65.000 m3 fjell for nisjer til nye tekniske bygg, snunisjer og nisjer for tekniske installasjonar.

Gudvangatunnelen

Slamnisjer for vannsedmentasjon:

Det er lagt ned i overkant av 11000m OV-røyr i Gudvangatunnelen i samband med drenssystemet. To slamnisjer er etablert for sedimentasjon av vatn frå tunnelen.

Alt arbeid er utført mellom 20:00 og 06:00. I denne perioden har det vore kontinuerlig trafikkavvikling med kolonnekøyring kvar heile time, med lengre stengeperiodar midt på natta i samband med sprengingsarbeid.

Eksisterande teknisk utstyr i tunnelen har under sprengningsarbeidet vore operativt. Neste prosjekt der denne løysinga skal nyttast blir i tunneloppgradering på Flenjatunnelen som startar i 2018.

Helge Tillung - Flage Maskin - E16 Gudvangatunnelen NOBI Nytt 2018

Geir GammelsrødSalg VA976 85 468geir.gammelsrod@nobi.no
Eirik SoltvedtSalg VA900 35 590eirik.soltvedt@nobi.no
Ole GloppenAvdelingsleder Vanndeler479 71 310ole.gloppen@nobi.no
Odd SivertsenAvd.leder Voss, Salg VA992 03 463odd.sivertsen@nobi.no
Stein-Aril PettersenSalgsleder Voss969 46 921stein-aril@nobi.no

Våre produkter

Skroll til toppen